Spørsmål
Torgeir Knag Fylkesnes (SV): Det er ei hard verd vi no må forhalde oss til. Klimaendringar, etterverknader av covid og krigen i Ukraina kastar oss inn i den eine krisa etter den andre. Global matmangel og auka konfliktnivå – i land, mellom land, nord mot sør, fattig mot rik – kan raskt bli ein realitet. Alt dette må møtast med politikk, større reformer og satsingar på mange frontar.
For å ta eitt av desse områda: Mange europeiske land jobbar no på spreng for å bli uavhengig av fossil import. Etter Russlands invasjon av Ukraina blir den eine klimaplanen etter den andre forsterka for hurtigast mogleg å bli uavhengig av import av gass og olje frå Putin-regimet. Dette viser kor tett klima og sikkerheitspolitikk heng saman.
Noreg er i ein svært vanskeleg situasjon. Vi tener enormt på høge olje- og gassprisar, og det tiltrekkjer seg kapital og investeringar og bind arbeidskraft til nettopp det heile Europa no med endå høgare tempo skal kvitte seg med.
Ståle Knoff Johansen i Aker Verdal fryktar industridød dersom dei grøne prosjekta framleis ikkje kjem, og han meiner at den situasjonen vi no står i, med overinvestering av kapital i olje og gass, kan føre til verftsdød.
Kva gjer regjeringa for å få Noreg ut av denne situasjonen?