Spørsmål
Kåre Øvregard (A): "Bystyret i Oslo vedtok i desember 1988 å redusera budsjettet til undervisning av framandspråklege elevar med 30%. Reduksjonen råka mest fagundervisning på morsmål og norsk.
Kva kan statsråden gjera for at Oslo kommune viser ansvar og fylgjer § 7.1 i grunnskulelova og elles dei retningslinjene som departementet har gjeve om slik undervisning?"