Spørsmål
Sigbjørn Framnes (FrP): I debatten fredag 18. mars 2022 om nedlegging av fylkeskommunen kom det fram følgjande påstand frå representanten Heidi Greni frå Senterpartiet: Det er ikkje motsegn frå fylkeskommunen, men motsegn frå statsforvaltaren som er problemet for lokaldemokratiet. Nå er det ei ny regjering, og alt skulle ordne seg, blei det sagt.
Kan statsråden gjere greie for kva han har gjort sidan regjeringsskiftet for at statsforvaltarane skal fremme færre motsegner?