Spørsmål
Olve Grotle (H): Høgre, Venstre og Kristeleg Folkeparti la inn rv. 15 Strynefjellet (ny tunnel) i sitt framlegg til NTP, med 500 millionar kroner til oppstart i første periode. Arbeidarpartiet, Senterpartiet og andre parti har òg sagt at dei støttar prosjektet med oppstart i første periode. I Loen den 11. februar 2022 opplyste Statens vegvesen at planlegginga først skal starte opp i 2025. Det er for seint til å kome i gang med tunnelbygging i første periode av NTP.
Vil statsråden nå sørge for at planlegginga kan framskundast, slik at tunnelbygginga kan kome i gang i første periode?