Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om samanslåinga av velfungerande fylke, og om det er rett å halde fram med å overkøyre folkeviljen når motstanden mot regionreforma er så stor
Datert: 22.04.2021 Fremsatt av: Heidi Greni (Sp) Besvart: 28.04.2021 av kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup
Liv Signe Navarsete (Sp): Ei av dei store reformene til dagens regjering er regionreforma. Velfungerande fylke vart slått saman, ofte mot innbyggjarane sin vilje. Det vart også lova store oppgåver til dei samanslåtte fylka, men den lovnaden har ein ikkje innfridd. Meiningsmålingar syner at motstanden mot regionreforma framleis lever i beste velgåande i mange fylke. Og det er langt mellom dei som forsvarar reforma. Meiner statsråden det er rett å halde fram med å overkøyre folkeviljen når motstanden mot regionreforma er så stor?