Muntlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og moderniseringsministeren

Om grep for å motverka den situasjonen me ser, at bustadane er for dyre, og at det blir planlagd og bygd for få bustadar, noko som gjer det stadig vanskelegare for unge og folk flest å koma seg inn på bustadmarknaden

Datert: 10.02.2021
Besvart: 10.02.2021 av kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Mitt spørsmål går til Nikolai Astrup, som kommunalminister og òg bustadminister.

Framstegspartiet er oppteke av bustadpolitikk. Me følgjer biletet nøye og diskuterer med både lokalpolitikarar og andre. Me ser at me no er i ein situasjon i Noreg der me har ei utvikling som viser at både tilflytting til landet gjennom innvandring, fødselsoverskot og befolkningsvekst, viser ei anna utvikling enn bustadbygginga. Dei grafane har kryssa kvarandre i 2009, og etter det har me sett ei utvikling der det har vorte bygd færre bustader enn folketalsveksten skulle tilseia. Det ser me igjen òg på prisane, spesielt i storbyane. Kanskje spesielt i hovudstaden, som er heimkommunen til ministeren, ser ein at der er det stor avstand mellom kva som blir bygd, og kva som er behovet for talet bustader.

I tillegg har me ein del fordyrande prosessar. Det er lange planprosessar, det er dyrt å byggja, og det bidreg til at bustadprisane stig. Det blir stadig vanskelegare for unge og for folk flest å koma seg inn på bustadmarknaden. Me ser det òg veldig tydeleg på sjukepleiarindeksen, som viser kva ein har råd til å kjøpa seg av bustad med ei vanleg sjukepleiarløn. Me ser at det blir stadig færre bustader å velja i, spesielt i storbyane.

Dette er ei sak som har eit sånt klassisk skilje der lokalpolitikarane sjølvsagt peiker mot rikspolitikken og seier at det er der problemet ligg. Me har ofte same fokus og seier at det er lokalpolitikarane som planlegg, regulerer, byggjer og set i gang for lite.

Eg vil bruka anledninga til å utfordra kommunalministeren som bustadminister på kva grep han vil gjera for å motverka den situasjonen me ser, at bustadene er for dyre, og at det blir bygd og planlagd for få bustader i stort.


Les hele debatten