Muntlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Om statsråden kan stadfeste at NATO har godteke total nedlegging av flyplassen på Andøya, og at ein ikkje skal ha han i bruk etter 2025, som er tidspunktet då han skal vere nedlagt

Datert: 21.10.2020
Besvart: 21.10.2020 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Mitt spørsmål går til forsvarsministeren.

NATO har investert store midlar i flybasen på Andøya. NATOs inspeksjonsteam, som nyleg var på Andøya, var ifylgje kjelder oppgitt over situasjonen i dag. Det har frå statsministeren vore sagt at Andøya òg i framtida skal ha militær aktivitet på flybasen. Kommunen har fått kart frå forsvarssjefen der ein har halde att område som skal vere til militært bruk. Men i eit nyleg svar på spørsmål frå Senterpartiet svara derimot statsråden at for Andøyas del betyr dette at funksjonen som alternativ landingsplass tek slutt etter at flybasen vert fasa ut for militært bruk, og at funksjonen eventuelt vert overført til Evenes når den nødvendige mottakskapasiteten er på plass.

Sjølv om dette var svar på eit spørsmål om mottak av nordiske militærfly, er svaret tydeleg: All militær aktivitet på Andøya skal stanse. Det må då òg gjelde for NATO-allierte. No kan statsråden eigentleg meine kva han vil, men NATO har vel òg sitt eige syn på dette, og dei har lagt ned store midlar i investeringar i flybasen på Andøya.

Kan statsråden stadfeste at NATO har godteke total nedlegging av flyplassen på Andøya, at ein ikkje skal ha han i bruk etter 2025, som er tidspunktet då han skal vere lagd ned?


Les hele debatten