Muntlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til næringsministeren

Om kva reiselivsministeren ser i situasjonen for reiselivet som gjer at det no, for ei næring som er svært hardt ramma av koronatiltaka, framstår som ein god idé å kutta ordningar samt å dobla reiselivsmomsen

Datert: 21.10.2020
Besvart: 21.10.2020 av næringsminister Iselin Nybø

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Reiselivsnæringa er ei viktig næring i bygd og by, og det har eg eit spørsmål til næringsministeren om, for det er ei næring som er svært hardt ramma av koronatiltaka.

Om lag 170 000 menneske jobba i reiselivsnæringa før korona – arbeidsplassar i heile landet. Senterpartiet er oppteke av at flest mogleg av desse skal behalda jobbane sine, at flest mogleg av dei sunne verksemdene i landet vårt skal overleva koronakrisa. Det er viktig for kvar enkelt som jobbar i næringa, og det er viktig for familiane deira og for lokalsamfunna.

Reiselivsnæringa er ei framtidsnæring. Å hjelpa reiselivsnæringa er ikkje å gje almisser; det er ei investering i verdiskaping og arbeidsplassar i heile landet. Næringa opplever ei regjering som har ei passiv tilnærming og manglande forståing for situasjonen som næringa er i. Samtidig som regjeringa forsøker å skapa eit intrykk av handlekraft, aukar frustrasjonen i næringa. Ein presenterer tiltak, men desse er kortsiktige og lite treffsikre. Det verkar som om regjeringa er meir oppteken av å halda hyppige pressekonferansar enn av å sikra langsiktige rammevilkår for reiselivet.

Regjeringa ser ut til å ha eit engasjement for reiselivsnæringa som går ut på nyttårsaftan. Det er tiltak som vert kutta, og ein vektlegg ikkje den krisa som ein står midt inne i. Og i denne situasjonen vel regjeringa bl.a. å gå inn for at avgifta for reiseliv skal doblast frå 1. januar 2021, frå 6 pst. til 12 pst.

Mitt spørsmål til næringsministeren – og reiselivsministeren – går på situasjonen som reiselivet står i. Kva er det reiselivsministeren ser med situasjonen i reiselivet som gjer at det, i den situasjonen me no står i, framstår som ein god idé å kutta ordningar samt å dobla reiselivsmomsen?


Les hele debatten