Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om kva statsråden gjer for å sikre kvalitet, ro og tillit i Helgelandssjukehuset, med bakgrunn i omfattande kritikk mot leiinga og den plutselege stenginga av kreftkirurgien
Datert: 15.10.2020 Besvart: 21.10.2020 av helse- og omsorgsminister Bent Høie
Kjersti Toppe (Sp): Statens helsetilsyn har komme med omfattande kritikk mot leiinga i Helgelandssjukehuset. Den plutseleige stenginga av kreftkirurgien har skada HMS for medarbeidarar og leiarar, skada føretaket sitt omdømme og ført til at risikoen for skadar og dødsfall hos pasientane kan ha auka. Samtidig er helseføretaket kritisert for kjøp av tenester frå eit eksternt PR-byrå, som også hadde fått tilsendt tre hemmeleigstempla kreftrapportar med sensitiv og teiepliktig informasjon.Kva gjer statsråden for å sikre kvalitet, ro og tillit i Helgelandssjukehuset?