Spørsmål
Kjersti Toppe (Sp): Dei fleste dødsfalla som følgje av koronaviruset har skjedd på sjukeheimar, og på Metodisthjemmet i Bergen har 16 av 46 bebuarar døydd av sjukdomen. Fylkeslegen har konkludert med forsvarleg drift, men at gamle bygningar, mange tilsette i karantene og dårleg testkapasitet blei avgjerande for situasjonen, og at pandemiplanen på sjukeheimen var utilstrekkeleg. Regjeringa har varsla ei tiltakspakke på 400 mill. kroner for sårbare born og unge.
Vil statsråden sikre ei tiltakspakke for å styrke det kommunale smittevernarbeidet og verne sårbare eldre?