Muntlig spørsmål fra Lene Vågslid (A) til justis- og beredskapsministeren

Om kva den åttande justisministaren vil gjere for å snu den negative utviklinga me ser innanfor norsk fengsels- og friomsorg, med bakgrunn i at ei rekkje opne gode fengsel har blitt lagde ned og budsjetta er strupa

Datert: 04.03.2020
Besvart: 04.03.2020 av justis- og beredskapsminister Monica Mæland

Lene Vågslid (A)

Spørsmål

Lene Vågslid (A): Spørsmålet mitt går til justisministeren.

I dag startar «Petter i fengsel» på TV 2. Fungerer straffa? Blir dei rehabiliterte? Dette spør Petter om i ei stor sak i Dagbladet i dag.

At kriminalitetsførebygging og rehabilitering under soningstida ikkje blir prioritert meir av høgreregjeringa, meiner eg er sløsing av verdifull tid. Dagens høgrepolitikk og mangel på interesse for norsk kriminalomsorg utover det å leggje ned opne fengsel og gjennomføre ein kuttpolitikk for fengsla, er svært negativt og gjev grunn til bekymring.

Satsing på eit innhald i soninga er ein heilt sentral del av straffa, og det er òg veldig viktig for dei som er på utsida av fengselsmurane. Dei som er ofre for kriminalitet, fortener faktisk at me gjer det me kan for både å straffe og rehabilitere kriminelle. Dei som sonar straff i fengsel, skal – i all hovudsak – ein dag bli naboen vår.

Under Erna Solbergs åtte justisministrar har ei rekkje opne gode fengsel blitt lagde ned. Budsjetta er strupa, og påstanden min er at ein byggjer ned norsk kriminalomsorg, som me kjenner den. Programverksemd som me veit fungerer, som sinnemestringskurs, «Pappa i fengsel», rusprogram osv., blir det mindre av.

Spørsmålet mitt til justisministeren er: Kva vil den åttande justisministeren gjere for at me ikkje sakte, men sikkert bevegar oss tilbake til ei tid då vatn og brød var i fokus? Og kva vil justisministeren konkret gjere for å snu den negative utviklinga me ser innanfor norsk fengsels- og friomsorg?


Les hele debatten