Muntlig spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til samfunnssikkerhetsministeren

Om statsråden meiner at beredskapssituasjonen er akseptabel for Vik kommune, der kommunen er isolert gjentekne gonger i året, eller om statsråden vil verksetja tiltak

Datert: 08.01.2020
Besvart: 08.01.2020 av samfunnssikkerhetsminister Ingvil Smines Tybring-Gjedde

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Spørsmålet mitt går til samfunnssikkerhets- og beredskapsministeren.

Vik kommune med om lag 2 700 innbyggjarar vart nok ein gong isolert frå omverda nyttårshelga med stengt fjell og innstilt ferjesamband, i periodar òg utan straum – alt grunna vêrforholda. Heller ikkje helikoptertransport er då mogleg. Vikafjellsvegen eller ferje er Vik kommune sin transportåre ut til omverda. Dette skjer etter ei romjul med innestengde bygder i Fresvik og i Arnafjord, som er i same kommune.

Riksveg 13 over Vikafjellet, som går gjennom Vik kommune, er den mest stengde riksvegen med ca. 55 døgn stenging kvart år. Ferjesambandet mellom Vangsnes og Hella er òg ofte stengt på grunn av uvêr eller andre forhold. Når vind- og straumforhold gjer at ferja ikkje kan gå, då er bygda heilt isolert – ein vil ikkje koma seg til sjukehus, ein kan ikkje få hjelp ved ulykker, brann eller andre katastrofar.

Det er statsråden sitt ansvar at beredskapen er akseptabel for befolkninga i heile landet. Tunnel under Vikafjellet ville ha løyst akkurat denne utfordringa, og tunnelen låg inne i førre NTP – og er lova i alle valkampar, spesielt frå regjeringspartia. Statsrådens partikollega Bård Hoksrud uttalte til NRK at dette vegprosjektet skulle framskundast, og det skulle påbegynnast allereie i 2014, altså for fem år sidan. Likevel tok regjeringa no tunnelen ut av NTP. Rassikringsmidlane er òg altfor små, og då får vi framleis stengde vegar på grunn av ras, som òg ofte tek med seg straumleidningane. Samstundes veit vi at vêret vert våtare og villare i framtida grunna klimaendringar.

Meiner statsråden at beredskapssituasjonen er akseptabel for Vik kommune, der kommunen er isolert gjentekne gonger i året, eller vil statsråden setja i verk tiltak?


Les hele debatten