Spørsmål
Kjersti Toppe (Sp): VG har publisert saka om guten som har budd isolert i einetiltak i barnevernet i over tre år, i periodar på umøblert rom, og der han har sove på ein luftmadrass. Statsråd Ropstad ba i VG "øvste myndigheit" gripe inn og viste til at den nye barnevernreforma med innføring av økonomiske incentiv vil vere eit viktig tiltak for å hindre at kommunar dyttar barnevernansvaret over på staten.
Meiner statsråden at auka eigendel og meir økonomifokus vil gjere det kommunale barnevernet tryggare og betre, med meir helsehjelp?