Muntlig spørsmål fra Torgeir Knag Fylkesnes (SV) til finansministeren

Om korleis finansministeren vil gripe situasjonen og redusere konsentrasjonen av makt og rikdom blant dei på toppen

Datert: 29.05.2019
Besvart: 29.05.2019 av finansminister Siv Jensen

Torgeir Knag Fylkesnes (SV)

Spørsmål

Torgeir Knag Fylkesnes (SV): Vi skal snakke om forskjellar, og alle statsrådene som er her i dag, har ei veldig viktig rolle i å skape eit meir rettferdig samfunn. Det første spørsmålet mitt går til finansministeren, som i går – og det må vel kunne seiast å vere ein stor dag for oss på Stortinget – erkjende at forskjellane i Noreg er for store. Det har vore ei lang reise som har gått over mange år, der finansministeren har nekta å erkjenne akkurat det faktumet, at forskjellane faktisk aukar, og at dei er for store. Men i går skjedde det.

Finansministeren har heilt rett. For berre å kome med nokre fakta rundt den situasjonen vi er i i dag: Dei ti prosentane med størst formue i Noreg i dag eig no godt over halvparten av all formue i Noreg. Den rikaste prosenten eig ein femtedel av all formue. Den rikaste 0,1 pst. eig nesten ein tidel av all formue. Vi ser også den same utviklinga når det gjeld inntekter. Sidan 2013 har dei ti prosent rikaste hushalda fått høgare inntekter, mens resten har blitt ståande omtrent stille. Dei 20 pst. med minst har fått mindre å leve av. Det betyr bl.a. at vi i det siste året har sett at i 130 yrke, som reinhaldar, resepsjonist, grunnskolelærar, elektrikar, har dei fått lågare realløn enn året før, mens direktørar og dei på toppen har fått store aukar.

Regjeringa er innehavar av den tvilsame rekorden i talet på barn som veks opp i familiar med vedvarande låginntekt, og samtidig rekorden i talet på milliardærar i Noreg.

Så med gårsdagen bak oss: Vi ser framover. Finansministeren har innsett at forskjellane er for store. Korleis vil no finansministeren gripe situasjonen? Korleis vil ein redusere konsentrasjonen av makt og rikdom blant dei på toppen?


Les hele debatten