Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om korleis statsråden vil sikre at omdanninga av Statens vegvesen skjer i tråd med regjeringa sine eigne ambisjonar for regional fordeling av statlege arbeidsplassar, og når statsråden ser for seg at det vil bli fatta ei endeleg avgjerd i denne saka
Datert: 28.03.2019 Besvart: 10.04.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale
Geir Inge Lien (Sp): For tida pågår det ein gigantisk prosess i Statens vegvesen med overføring av oppgåver og tilsette frå staten til fylkeskommunane og ei mogleg overføring frå regionkontor til divisjonar kombinert med omfattande nedbemanning.Korleis vil statsråden sikre at omdanninga av Statens vegvesen skjer i tråd med regjeringa sine eigne ambisjonar for regional fordeling av statlege arbeidsplassar, og når ser statsråden for seg at det vil bli fatta ei endeleg avgjerd i denne saka?