Muntlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Om at seks av ni militære helikopter skal flyttast til Rygge, og kva dei sivile helikoptera er meint å gjere av militære oppgåver, og om det er utarbeidd eit operativt konsept for bruk av dei sivile helikoptera i militære operasjonar

Datert: 09.01.2019
Besvart: 09.01.2019 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Eg tenkjer eg kan halde fram på den lina eg var på, for eg fekk ikkje svar frå statsråden.

Den 17. desember var ein trist dag for Hæren, for beredskapen og tryggleiken i nord. Vedtaket om å flytte seks Bell 412-helikopter frå Bardufoss til Rygge står som ei uforståeleg og merkbar svekking av beredskapen i nord.

Store delar av Forsvarets kapasitetar ønskjer me jo helst aldri å bruke, på same måten som me heller ikkje ønskjer å bruke forsikringa på huset vårt. Dei militære helikoptera har ein svært stor nytteverdi utover dei konkrete militære oppgåvene. Dette er òg oppgåver som sivile helikopter ikkje kan erstatte – det som går på det militære.

I dag er det to beredskapsklare Bell 412-helikopter på Bardufoss til kvar tid som står klare til innsats. Dei vart nytta seinast førre veke i søk og redning etter den forferdelege ulukka i Tamokdalen – ein operasjon som framleis går føre seg. Med regjeringas forslag skal altså seks av ni Bell 412-helikopter flyttast til Rygge, og dei skal erstattast med m.a. sivile helikopter, seier statsråden.

Dei tilsette i både Hæren og Luftforsvaret i Indre Troms er frustrerte over situasjonen, spesielt Brigade Nord som meiner det er eit etisk og moralsk dilemma og ei stor operativ svekking å miste seks særskilt dedikerte militære helikopter.

Det er slett ikkje alle som er samde med statsråden i at det er lettvint og enkelt å erstatte desse helikoptera med sivile helikopter. Så vidt eg veit, etter folkeretten skal vel ikkje sivile kunne operere i krig og krise. Heile hensikta med å trene forsvaret vårt er at dei skal kunne operere i lag i krig og krise. Difor er det viktig for meg å høyre kva dei sivile helikoptera er meint å gjere av militære oppgåver, og om det er utarbeidd eit operativt konsept for bruk av dei sivile helikoptera i militære operasjonar.


Les hele debatten