Spørretimespørsmål fra Hadia Tajik (A) til statsministeren

Om kvifor statsministeren meiner at kvinner som ser seg nøydde til å ta seinabort på grunn av alvorleg sjukdom hjå fosteret, altså ein sjukdom som vil kunne prege barnet og familien resten av livet, ber eit ansvar for å ha bidrege til sortering

Datert: 08.11.2018
Besvart: 14.11.2018 av statsminister Erna Solberg

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Statsministeren har lagt vekt på at abortloven § 2 tredje ledd bokstav c har eit 'diskriminerande element', og at det er viktig å byggje ei 'barriere' mot 'sorteringssamfunnet'.
Kan eg invitere statsministeren til å forklare kvifor ho meiner at kvinner som ser seg nøydde til å ta seinabort på grunn av alvorleg sjukdom hjå fosteret, altså ein sjukdom som vil kunne prege barnet og familien resten av livet, ber eit ansvar for å ha bidrege til sortering?


Les hele debatten