Muntlig spørsmål fra Torgeir Knag Fylkesnes (SV) til fiskeriministeren

Om at vi dei siste åra har sett ei utvikling der retten til å fiske hamnar på stadig færre hender, og kva som er fiskeriministerens svar til alle ungdomane som no ser at draumen om havet og eit liv langs kysten blir stolen frå dei

Datert: 24.10.2018
Besvart: 24.10.2018 av fiskeriminister Harald T. Nesvik

Torgeir Knag Fylkesnes (SV)

Spørsmål

Torgeir Knag Fylkesnes (SV): Spørsmålet mitt går til fiskeriministeren.

Det har gått så det suser i norsk fiskeri dei siste åra. Men kven tener dei store pengane, og kven er det som tapar? Dei siste åra har vi sett ei utvikling der retten til å fiske hamnar på stadig færre hender – kjøp og sal av fiskekvoter, der nokre få med god tilgang på kapital kan samle til seg mange rettar og store kvantum, mens dei mange, folk flest som bur langs kysten, og som ikkje har tilgang på kapital, ikkje har råd til å vere med på galoppen.

Langs heile kysten ser vi derfor no ungdom som vil inn, men som ikkje har råd fordi den offentlege retten til å fiske har blitt eit kapitalprodukt som ofte kostar langt meir enn det å kome seg inn i bustadmarknaden. Det er ungdom som Eleonora og Vårin på 16 år i Nordkapp som drøymer om eit liv på havet, men som ikkje ser nokon moglegheit for å kome seg inn i kystfisket – det er for dyrt. Det er ungdom som Magnus på 24 år i Kvænangen, som har vore fiskar sidan han var 15 år, og som heller vil fiske enn å studere, men som ikkje har råd til å kjøpe fiskekvote og båt til seg sjølv. Eller det handlar om ungdom som Nathanael i Halsnøy, som fiska leppefisk, men etter at regjeringa lukka fisket og gjorde det til ein marknadsplass, ser han ingen veg tilbake til fisket han var glad i.

Kva er fiskeriministerens svar til alle desse ungdomane som no ser at draumen om havet og eit liv langs kysten blir stolen frå dei?


Les hele debatten