Spørsmål
Lene Vågslid (A): Det er mange som har det godt i dette landet, men det er ei fattig trøyst for dei som ikkje har det, for dei som opplever seg svikta. Mange av dei har det vore ein del fokus på dei siste vekene, dei som er offer for alvorleg kriminalitet og no opplever at straffesakene deira blir liggjande i kø hos politiet i kanskje fleire år. Dette er ei enorm belastning for ofra. Det er ei svekt rettssikkerheit for dei me her snakkar om, og mange av dei er òg barn. Konsekvensane me ser no, er at gjerningspersonar enkelte plassar slepp fri på grunn av ressursmangel. Me ser òg ein auke i gjerningspersonar som får strafferabatt. Dette strir mot folks rettsoppfatning, og eg meiner det er ille at kutt i politidistrikta fører til at kriminelle får lågare straff.
Regjeringa har no lagt fram eit budsjett med vekst i det totale budsjettet til politiet. Det er bra. Veksten går til nødvendige investeringar. Men dette budsjettet svarar ikkje i år som i fjor på dei utfordringane politiet har når det gjeld drift. Det blir kutta i drift, det blir teke ut ei altfor tidleg gevinstrealisering av politireforma, og tilbakemeldingane me får, er at dette budsjettforslaget vil føre til ei nedbemanning i politidistrikta. Politiets Fellesforbund seier det. Politijuristene, Politilederlaget og NTL Politiet er veldig tydelege i sine tilbakemeldingar til oss.
Difor vil eg spørje statsministaren korleis ho kan forsvare å leggje fram eit statsbudsjett som igjen legg opp til at politidistrikta må kutte i sine driftsbudsjett for neste år?