Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om regjeringa er villig til å _auke den humanitære bistanden til Jemen_, både gitt den alvorlege situasjonen me no ser, og gitt den underdekninga i forhold til behovet som er påvist, der FN har bedt om 3 mrd. dollar, men berre har fått inn under halvparten
Datert: 30.05.2018 Besvart: 30.05.2018 av statsminister Erna Solberg
Knut Arild Hareide (KrF): På søndag hadde VG ei framside som gjorde sterkt inntrykk. Det var ei sjokkerande, men viktig framside som viste det sanne ansiktet til krigen i Jemen. Me så den akutt underernærte og avmagra Aisha. Ho er eitt av 400 000 barn i same situasjon. Kvart 10. minutt døyr eit barn i Jemen. 80 pst. av innbyggjarane er heilt avhengige av humanitær hjelp for å overleve. FN har kalla det verdas verste humanitære krise. Det er òg på mange måtar ei gløymt krise. Derfor har ein i altfor lita grad makta å mobilisere hjelp frå omverda i den situasjonen me ser no. I byrjinga av 2018 anslo FN at dei trengte 3 mrd. dollar for å auke mathjelpa til landet. Ein har dessverre ikkje eingong klart å samle inn halvparten så langt. Regjeringa har lagt inn ein viss auke i den humantære bistanden til Jemen i revidert budsjett – det er bra, men det er dessverre ikkje nok. Kristeleg Folkeparti meiner Noreg kan og bør yte meir for å redde liv i denne ufattelege krisa. Mitt spørsmål til statsministeren er: Er regjeringa villig til å sjå på moglegheita for nettopp å auke den humanitære bistanden til Jemen, både gitt den alvorlege situasjonen me no ser, og gitt den underdekninga i forhold til behovet som er påvist, der FN har bedt om 3 mrd. dollar, men berre har fått inn under halvparten av det?