Muntlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til arbeids- og sosialministeren

Om statsråden kan garantera at regjeringa kjem til å ha ein meir aktiv rolle opp mot EU i saka om eit europeisk arbeidsmarknadsbyrå, og at ho vil informera Stortinget jamleg om arbeidet for å sikra at norske interesser vert varetekne og at forslaget ikkje skal leggja hindringar for tiltak mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet

Datert: 11.04.2018
Besvart: 11.04.2018 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Spørsmålet mitt går til arbeidsministeren.
Det er regjeringa sitt ansvar så godt som mogleg og så tidleg som mogleg å informera og involvera Stortinget om prosessane som går i EU, og som er relevante for oss. Kjem dei for seint, svekkjer det òg dei moglegheitene Noreg har til påverka desse prosessane.
For å ta nokre eksempel: I saka om kjøp av kommersielle allmennkringkastingstenester vart det hevda av representantar frå regjeringspartia at ESA kunne stansa det. Men Stortinget stod på sitt og kravde at regjeringa skulle notifisera saka, og då viste det seg at det var Stortinget som hadde rett, og at EØS ikkje var til hinder for denne løysinga. I Acer-debatten var det igjen Arbeidarpartiet som vart nøydd til å tvinga på plass garantiar som sikrar viktige norske omsyn. Og nyleg har EU-kommisjonen fremja forslag om eit europeisk arbeidsmarknadsbyrå. Det er noko som kan vera eit viktig og positivt verkemiddel mot sosial dumping, på tvers av landegrensene. Men i Arbeidarpartiet er me samtidig oppteke av at forslaget ikkje skal innebera suverenitetsavståing, myndigheitsoverføring eller at det skal leggja hindringar for tiltak mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet i Noreg.
Så spørsmålet mitt er ganske enkelt om statsråden kan garantera at regjeringa i denne saka kjem til å ha ein meir aktiv rolle opp mot EU, og at ho vil informera Stortinget jamleg om arbeidet for å sikra at norske interesser vert varetekne.


Les hele debatten