Spørsmål
Knut Arild Hareide (KrF): Mitt spørsmål går til utanriksministeren.
Etter fleire år med frosne relasjonar med Kina i kjølvatnet av at Nobelkomiteen tildelte Liu Xiaobo fredsprisen, blei dei politiske relasjonane normaliserte igjen i 2016. Det er sjølvsagt av stor betydning for Noreg. Kina er ei stormakt både økonomisk og politisk, ein viktig marknad og ein stadig meir aktiv aktør òg internasjonalt.
Samtidig opplever vi at regjeringa i tida etter oppmjukinga overfor Kina har snakka med innestemma når det gjeld menneskerettssituasjonen i Kina. Det er iallfall det inntrykket ein kan få. Og det skjer altså i ei tid der president Xi Jinping fører landet i ei meir autoritær retning med stadig strengare kontroll, og overvakinga av innbyggjarane blir sterkare, det blir mindre demokrati og mindre fridom. Eit eksempel er at i går kunne VG melde at Kinas myndigheiter har stansa alt sal av biblar på nett, eit klart angrep på trusfridomen og eitt av fleire eksempel på at regimet strammar inn kontrollen overfor religionsutøvinga i landet.
Korleis stiller Noreg seg til den negative utviklinga når det gjeld trusfridom og menneskerettar generelt i Kina, og ser regjeringa det slik at Noreg har rom for å ta opp desse kritiske spørsmåla? Mitt spørsmål er òg: Er det ikkje no på tide at Noreg våger å bruke utestemma i desse viktige verdispørsmåla? Noreg er ein nasjon som har løfta menneskerettar. Gjer me det no aktivt i den dialogen me har med Kina?