Spørsmål
Knut Arild Hareide (KrF): Mange av oss hadde gleda av å høyre statsminister Erna Solberg på NHOs årskonferanse, som handla om verdien av arbeid. På spørsmål om kva det vil krevje om me skal kunne arbeide så mykje at velferdssamfunnet blei berekraftig, svarte ho bl.a. at me må jobbe heiltid. På Politisk kvarter i går høyrde me Høgres ordførar i Kristiansand og Arbeidarpartiets ordførar i Bodø, og dei høyrdest ut til å tale med akkurat same tunge på spørsmålet om heiltid og deltid.
Før har me stått saman med Høgre om at den ufrivillige deltida vil me til livs, men no kan det høyrast ut som om det er deltida ein vil til livs. Kristeleg Folkepartis posisjon er ein annan. Me er for heiltid for dei som kan og vil arbeide heiltid, og me er for at det offentlege tar eit større ansvar for nettopp å realisere dette. Men me er òg for familiar sin fleksibilitet og valfridom.
Det er mange gode grunnar til å velje deltid. Me veit at kvar sjette i arbeidsfør alder gjer eit ulønt omsorgsarbeid for sjuke, for eldre og for funksjonshemma. For mange som jobbar deltid, er ikkje nødvendigvis svaret heller heiltid. Alternativet til deltid kan vere å vere utanfor arbeidslivet.
Så mitt spørsmål til statsministeren er: Kva er hennar syn når det gjeld folks moglegheiter til å kunne få lov til å velje sjølve om dei vil jobbe heiltid eller deltid, og ser statsministeren nokre fordelar ved at folk vel å arbeide deltid?