Muntlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til statsministeren

Om kva statsministeren har tenkt å gjera for å motverka tilfelle av sosial dumping som er innanfor lova, men utanfor etikken

Datert: 07.02.2018
Besvart: 07.02.2018 av statsminister Erna Solberg

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): I regjeringsplattforma skriv Solberg-regjeringa om arbeidslivskriminalitet, og det er veldig bra. Men noko som dei ikkje skriv om med eit einaste ord, er sosial dumping. Det finst mange måtar å undergrava det seriøse arbeidslivet som ikkje er kriminelt, på. Her er to eksempel:

Rett før jul møtte eg ein ung mann frå Rogaland. Han var industriarbeidar som var leigd inn og fagorganisert. Då landsmøtet til fagorganisasjonen hans nærma seg, kvidde han seg veldig for å seia ifrå på jobben om at han skulle på dette landsmøtet. Han hadde kjent på at arbeidet hans som tillitsvald ikkje var spesielt populært. Men han sa ifrå, og han drog på landsmøtet. Då han kom heim igjen, var beskjeden klar: Me treng deg ikkje lenger. Dei leigde heller inn andre.

Eit anna eksempel er òg frå Rogaland. To av dei store gartneria der har same eigar, og dei har brukt ei ordning som vart kalla for landbrukspraktikant. Då kan ein få praktikantar frå Aust-Europa til 70 pst. av løna til ein ufaglærd. Dei siste fire åra har desse to gartneria hatt 314 landbrukspraktikantar. Det er ikkje ulovleg, det er innanfor lova, men det er utanfor etikken. Det set press på løns- og arbeidsvilkår, det fortrengjer fast tilsette, det svekkjer det organiserte arbeidslivet, og det er oppskrifta på sosial dumping.

Spørsmålet mitt er ganske enkelt: Kva har statsministeren tenkt å gjera for å motverka tilfelle av sosial dumping som er innanfor lova, men utanfor etikken?


Les hele debatten