Spørretimespørsmål fra Steinar Ness (Sp) til samferdselsministeren

Om at ein før valet lova ei utgreiing om FOT-rutene, og om Flora lufthamn kunne få FOT-ruter frå sommaren 2018, og når ho vil vere ferdig og offentleg

Datert: 30.01.2018
Besvart: 07.02.2018 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Steinar Ness (Sp)

Spørsmål

Steinar Ness (Sp): Både folkevalde og næringslivet har kritisert tilbodet ved Flora lufthamn etter at lufthavna vart kommersialisert. Før valet hausten 2017 lova Samferdselsdepartementet at ei utgreiing om FOT-rutene skulle vere klar ved årsskiftet. Representantar frå regjeringspartia skapte eit inntrykk av at Flora lufthamn kunne få FOT-ruter frå sommaren 2018.
Kvifor er denne utgreiinga forseinka, og når vil ho vere ferdig og offentleg?


Les hele debatten