Muntlig spørsmål fra Tore Storehaug (KrF) til innvandrings- og integreringsministeren

Om kva som er status etter at Stortinget vedtok at iverksetting av vedtaka om oktoberbarna skulle setjast på vent, og at dei skulle få saka si vurdert på nytt, med bakgrunn i at bruken av midlertidig opphaldsløyve for einslege mindreårige asylsøkjarar har eskalert, og at mange vil bli tvangsreturnerte til Afghanistan

Datert: 29.11.2017
Besvart: 29.11.2017 av innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug

Tore Storehaug (KrF)

Spørsmål

Tore Storehaug (KrF): For to veker sidan vedtok Stortinget at iverksetting av vedtak om oktoberbarna skulle setjast på vent, og at dei skulle få saka si vurdert på nytt. Det synest eg er bra, sjølv om Kristeleg Folkeparti aller helst skulle sett at rettstryggleiken til desse ungane blei styrkt gjennom at rimelegheitsvilkåret ved internflukt igjen blei innført. Men det klarte vi ikkje å få med oss Arbeidarpartiet og Senterpartiet på.

Bakgrunnen for dei vedtaka som blei fatta i Stortinget for to veker sidan, var at bruken av midlertidig opphaldsløyve for einslege mindreårige asylsøkjarar har eskalert, og at mange vil bli tvangsreturnerte til Afghanistan. Kristeleg Folkeparti er glad for at utsendinga av oktoberbarna no er sett på vent, og at ungane skal få saka si vurdert på nytt. Så har statsråden sendt, same dag som vedtaka blei fatta i Stortinget, ein instruks til Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda om at ein inntil vidare skulle utsetje iverksettinga av vedtaka knytte til oktoberbarna.

Men det er òg det eg kan sjå at statsråden har gjort. No er det stor usikkerheit rundt omkring i landet knytt til kva som faktisk kjem til å skje med desse ungane. Folk spør: Kven er det som skal behandle sakene? Er det UDI eller er det UNE? Kor mange vil få opphald i Noreg? Når skal dei det gjeld, få informasjon, og på kva måte? Og ikkje minst: Korleis skal dei som har forlate landet, få sakene sine behandla, og kva informasjon skal dei få?

Vi i Kristeleg Folkeparti er bekymra for desse ungane. Dei har eit veldig usikkert tilvære slik som ting er no. Mange har fått eit håp om at dei kan sleppe å bli tvangsreturnerte tilbake til Afghanistan, der FN i fleire rapportar har påpeika at situasjonen er forverra. Eg forventar at regjeringa følgjer dette, gjev dei det gjeld, informasjon på ein god måte, at dette får høg prioritet, og at ein kan få gjort noko med denne usikkerheita.

Mitt spørsmål til statsråden er: Kva er status for vedtaka Stortinget fatta den 14. november, og kva konkrete tiltak og instruksar har regjeringa sett i verk etter at desse vedtaka blei fatta?


Les hele debatten