Spørsmål
Tore Storehaug (KrF): Statsråden må gjerne bli ståande.
På fredag er det Black Friday. Eg veit ikkje helt kva det seier om norsk kultur at vi har importert den dagen og ikkje Thanksgiving. Uansett seier hovudorganisasjonen Virke at vi kjem til å handle for 3,4 mrd. kr den dagen åleine. Det er meir enn nokosinne før. Det materielle forbruket vårt er ikkje berekraftig. Det skapar enorme mengder avfall. Det er eit klimaproblem, og det er òg eit ressursproblem, noko som regjeringa har løfta fram når ho har sett sirkulær økonomi på agendaen med ei stortingsmelding om avfall og sirkulær økonomi.
Målet vårt må vere at vi brukar tinga våre lenger, og at vi brukar tinga våre om att. I meldinga peiker regjeringa på korleis reparasjon kan vere med på å førebyggje å få avfall, men at det er mange eksempel på at det er mykje billegare å kjøpe nytt enn å reparere. Sju av ti nordmenn svarar at dei ville reparert mobilen sin viss det lønte seg.
Då er spørsmålet: Kva meiner statsråden vi kan og bør gjere for å sørgje for at reparasjon blir billigare samanlikna med nykjøp, slik at fleire vel å reparere framfor berre å kjøpe nytt?