Spørsmål
Hadia Tajik (A): I dag går bygningsarbeidarar i Oslo til politisk streik for å sikra eit seriøst arbeidsliv i bransjen. Samtidig har me òg til behandling i Stortinget forslag frå fleire parti om å stramma opp bemanningsbransjen og forby innleie, med ulike avgrensingar, nettopp fordi det i enkelte delar av arbeidslivet vårt er i ferd med å utvikla seg halvkriminelle tilstandar med null respekt for folk og null respekt for fagkunnskap.
Så langt har signalet frå regjeringspartia vore at for dei er ein sokalla fleksibilitet viktigare enn å gå i klinsj med problema som dei tilsette og organisasjonane deira tar opp. Det er i lys av dette me høyrer at Direktoratet for byggkvalitet har endra praksis for søknader om sentral godkjenning. Dei meiner at det ikkje lenger skal vera krav om eigne tilsette med relevant fagbrev, sveinebrev eller meisterbrev for å få sentral godkjenning av arbeidet som vert utført. Då Stortinget behandla endringane i plan- og bygningsloven i 2015, var jo poenget at utvida seriøsitetskrav i ei frivillig sentral godkjenningsordning var noko som skulle koma i tillegg til dei gjeldande krava om faglege kvalifikasjonar. Det stod faktisk òg i forslaget frå regjeringa:
«Nye krav til foretakene skal gi større sikkerhet for kvaliteten og seriøsiteten (…) Intensjonen er å styrke sentral godkjenning som virkemiddel for kvalitet i byggetiltak gjennom å skjerpe kravene til sentralt godkjente foretak.»
Då trudde me at dette kom til å bli fiksa og følgt opp. Likevel ser me at krava i forskriftene vert svekte. Spørsmålet mitt til statsministeren er kvifor regjeringa aksepterer at det ikkje lenger skal vera krav om eigne tilsette med fagbrev for å få sentral godkjenning.