Muntlig spørsmål fra Tore Storehaug (KrF) til statsministeren

Om _lønsemda til staten i Goliat-utbygginga_, og korleis statsministeren meiner at statsråden hennar har innfridd si informasjonsplikt til Stortinget, med bakgrunn i at det har blitt stilt mange spørsmål til ansvarleg statsråd som så langt i haust har gjeve forskjellige svar

Datert: 15.11.2017
Besvart: 15.11.2017 av statsminister Erna Solberg

Tore Storehaug (KrF)

Spørsmål

Tore Storehaug (KrF): Då Stortinget vedtok utbygging av Goliat-feltet i Barentshavet, var det mot Kristeleg Folkeparti sine stemmer. Den gongen stilte vi spørsmål ved om det var ei klok utbygging, og vi stilte òg spørsmål ved om ho kom til å vere lønsam. Det meiner eg er spørsmål som står seg i dag.

Lønsemda til staten i det prosjektet har igjen kome i fokus, og det har blitt stilt ganske mange spørsmål til ansvarleg statsråd. Så langt i haust har Terje Søviknes gjeve fire forskjellige svar på lønsemda i Goliat-utbygginga. E-postjournalen og svara som Søviknes har gjeve, viser at han eine og aleine har halde seg til operatøren Eni, endå Oljedirektoratet – hans eige fagdirektorat – heile tida har hatt berekningar som han til slutt har opplyst om etter at dette kom opp i media, og det blei eit press. Dei siste svara viser at det er grunn til å stille spørsmål ved om staten eigentleg kjem til å tene pengar i det heile på dette prosjektet.

Korleis meiner statsministeren at statsråden hennar har innfridd si informasjonaplikt til Stortinget?


Les hele debatten