Muntlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til arbeids- og sosialministeren

Om kvifor arbeidsministeren set ideen om fleksibilitet i arbeidsmarknaden høgare enn verkelegheita til arbeidstakarane som har behov for føreseielegheit og tryggleik, når bemanningsselskapa skal få auka høve til å bruka mellombelse tilsetjingar og ikkje treng å forplikta seg til eit bestemt tal timar arbeid per veke

Datert: 08.11.2017
Besvart: 08.11.2017 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Spørsmålet mitt går til arbeidsministeren.

I valkampen brukte ho ord som «slavekontraktar» om arbeidsforholda i bemanningsbransjen. Valkampen er over, og me er tilbake i normal drift igjen. No seier arbeidsministeren at hennar foreløpige konklusjon er at bemanningsselskapa skal få auka høve til å bruka mellombelse tilsetjingar, og at dei heller ikkje treng å forplikta seg til eit bestemt tal timar arbeid per veke eller månad. Grunngjevinga som arbeidsministeren brukar, er at ein treng ein viss fleksibilitet i arbeidsmarknaden. Det kan ein vera einig i, men denne fleksibiliteten gjeld tydeleg ikkje dei tilsette. Dei har òg behov for å planleggja arbeidstid og fritid, skaffa seg bustadlån og ha tryggleik for arbeid og inntekt. Det er det ganske mange som ikkje har i dag. Mange av dei jobbar innanfor bygg og anlegg, mange av dei i Oslo-området. Innleigde er overrepresenterte på ulykkestatistikken, og veldig få av dei er organiserte. Me veit òg at det er få som søkjer seg til desse faga som lærlingar.

Me veit at når arbeidsfolk opplever utryggleig, gjer det noko heilt grunnleggjande med arbeidslivet vårt. Det er færre som torer å seia frå, det er færre som torer å organisera seg, det er færre som vil ha jobbar med denne typen arbeidsforhold. Så sjølv om arbeidsministeren har gått frå å snakka om slavekontraktar til å snakka om fleksibilitet, er verkelegheita likevel den same. Spørsmålet mitt er: Kvifor set arbeidsministeren denne ideen om fleksibilitet høgare enn verkelegheita til arbeidstakarane som har behov for føreseielegheit og tryggleik?


Les hele debatten