Spørretimespørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til kunnskapsministeren

Om statsråden vil sørgje for at det snarast mogleg vert innført ein utdanningsmodell for ambulansearbeidarfaget som sikrar at lærlingar kan bemanne ambulansen

Datert: 09.11.2017
Besvart: 15.11.2017 av kunnskapsminister Henrik Asheim

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Ny akuttmedisinforskrift set krav om at ambulansar skal vere bemanna med to personar, begge må ha sertifikat for køyretøyet og kompetansebevis som førar av utrykkingskøyretøy. Kravet gjer at lærlingar ikkje lenger kan vere fast bemanning av ambulansar. Fagleg råd for helse- og oppvekstfag har føreslått ein ny utdanningsmodell som ivaretek forskrifta og sikrar at lærlingar kan bemanne ambulansen.
Vil statsråden sørgje for at det snarast mogleg vert innført ein slik utdanningsmodell for ambulansearbeidarfaget?


Les hele debatten