Muntlig spørsmål fra Terje Breivik (V) til justis- og beredskapsministeren

Om kvifor justisministeren ynskjer å lata seg inspirera av Storbritannia, ein av dei dårlegaste i klassen når det gjeld personvern, og innføra obligatorisk _lagring av alle norske IP-adresser_ i seks månader

Datert: 10.05.2017
Besvart: 10.05.2017 av justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen

Terje Breivik (V)

Spørsmål

Terje Breivik (V): Spørsmålet går til justisministeren.

Personvernet er under press frå mange hald. Teknologiutviklinga aukar presset både gjennom store moglegheiter for samanstilling av personopplysningar me frivillig gjev frå oss, og gjennom innhenting av personopplysningar utan at den som opplysningane gjeld, veit om eller har godkjent det. Samstundes har det siste tiårets kamp mot terrorisme legitimert store inngrep i privatlivet til borgarane, og døma er mange på at personvernet vert svekt gjennom gradvise steg i dei gode hensikters namn.

For to veker sidan kunne me lesa i VG at justisministeren hadde vore i London for å læra meir om korleis Storbritannia driv overvaking av eige folk – eit av dei vestlege landa som har gått aller lengst i å innføra inngripande reglar for overvaking, og som etter Venstre sitt syn er eit svært dårleg døme til etterfølging. Justisministeren seier likevel at han vil innføra obligatorisk lagring av alle norske IP-adresser i seks månader, og at han ikkje forstår kvifor nokon har behov for å skjula IP-adressa si. I parksis betyr det at justisministeren går inn for å lagra kva nettsider alle nordmenn besøkjer i eit halvt år, blant mykje anna. Det er etter Venstre sitt syn ei naiv tilnærming, ettersom det er svært enkelt for menneske som faktisk har til hensikt å gjera noko kriminelt, å skjula spora sine, samstundes som personvernet til vanlege borgarar vert dramatisk svekt ved ei slik lagring av IP-adresser.

Eg vil gjerne sitera representanten Hoksrud, i Dagbladet den 4. mai:


«Jeg er veldig uenig med Amundsen. Dette handler om hvilket samfunn man vil ha og hvilken tilgang til informasjon man ønsker at staten skal ha, og for noen som er opptatt av at staten skal være liten, slik FrP er, er det veldig bekymringsfullt at noen ønsker å åpne for den type lagringstilgang.»

«Noen» er i denne samanhengen Framstegspartiets eigen justisminister.

Spørsmålet til statsråden vert difor: Kvifor ynskjer han å lata seg inspirera av Storbritannia, ein av dei dårlegaste i klassen når det gjeld personvern, i staden for å lytta til dei kloke innvendingane frå partifelle Hoksrud?


Les hele debatten