Muntlig spørsmål fra Torgeir Knag Fylkesnes (SV) til fiskeriministeren

Om det uthula pliktsystemet for torsketrålkonsesjonane, og korleis statsråden får det å ta enorme verdiar frå kystsamfunna og gi til nokre få rike reiarar til å vere i samsvar med havressurslova

Datert: 26.04.2017
Besvart: 26.04.2017 av fiskeriminister Per Sandberg

Torgeir Knag Fylkesnes (SV)

Spørsmål

Torgeir Knag Fylkesnes (SV): Havressurslova er grunnpilaren for all forvaltning av våre rike havressursar. I lovas § 1 står det:

«Formålet med lova er å sikre ei berekraftig og samfunnsøkonomisk lønsam forvaltning av dei viltlevande marine ressursane og det tilhøyrande genetiske materialet og å medverke til å sikre sysselsetjing og busetjing i kystsamfunna.»

Den siste delen av lovformuleringa er ikkje til å misforstå. Det skal ikkje vere nokon få menneske som skal sitje igjen med inntektene. Dei skal fordelast, og dei skal kome kystsamfunna til gode. Likevel gjer fiskeriministeren alt han kan for å undergrave denne lova. Pliktsystemet for torsketrålkonsesjonane var lagd for å sikre at verdiskapinga av det rike nordnorske torskefisket skulle kome nordnorske kystsamfunn til gode. Men systemet har blitt uthula, utvatna og er no ubrukeleg for alle andre enn nokon få store selskap der eigarane har blitt milliardærar med dette systemet. Dette er verdiskaping som eigentleg skulle kome kystsamfunna til gode, men som nokon få har sikra til seg sjølve, stikk i strid med både havressurslova og pliktane til å levere.

Fiskeriministeren foreslår no å avvikle dette systemet. Det er det mykje fornuft i, men det spesielle i hans løysing er at kystsamfunna berre skal sitje igjen med 20 pst. av dette oppgjeret, medan resten – 80 pst. – skal nokon få styrtrike reiarar få.

Tilbake til havressurslovas § 1: Korleis får statsråden det å ta enorme verdiar frå kystsamfunna og gi til nokre få rike reiarar til å vere i samsvar med havressurslovas § 1?


Les hele debatten