Muntlig spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til olje- og energiministeren

Om olje- og energiministeren er einig i vurderingane til klima- og miljøministeren om at regjeringas politikk er at _verneplanen for vassdrag og forvaltningssystem for olje- og gassverksemd ligg fast_

Datert: 22.02.2017
Besvart: 22.02.2017 av olje- og energiminister Terje Søviknes

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Spørsmålet mitt går til olje- og energiministeren, og la meg få lov til å ønskje statsråden velkommen til sin første spontanspørjetime.

Som olje- og energiminister er statsråden ansvarleg for eit veldig viktig område av norsk politikk, eit område som er heilt avgjerande for at me skal lykkast med eit grønt skifte. Vi har i media kunna følgje statsråden gjennom hans første månader i embetet. Vi har kunna lese at stastråden har tatt til orde for å byggje ut vasskraft i verna vassdrag og ivra for oljeboring i sårbare område. Statsråden har òg uttalt at han meinte at ei 25 år gamal konsekvensutgreiing av Nordland VI med nokre tilleggsvurderingar burde vere tilstrekkeleg.

I førre veke stilte eg her i spørjetimen spørsmål til klima- og miljøministeren om hans vurdering av desse utsegnene. Helgesen svarte veldig godt, og det var gledeleg å høyre han understreke at regjeringas politikk er at verneplanane for vassdrag i hovudsak skal liggje fast, og at dei forvaltningssystema som er bygde opp både rundt norsk olje- og gassverksemd og rundt norsk vasskraft, har tent oss godt.

Det er alltid mogleg å trakke litt feil dei første månadene i ein ny jobb, så mitt spørsmål til statsråden er derfor: Er statsråden einig i vurderingane til regjeringskollegaen sin, at regjeringas politikk er at Verneplanen for vassdrag og forvaltningssystem for olje- og gassverksemd ligg fast?


Les hele debatten