Spørsmål
Knut Arild Hareide (KrF): Mitt spørsmål går til statsråd Solveig Horne.
Kristeleg Folkeparti registrerer at statsråd Listhaugs kritikk av kontantstøtta har blitt møtt med ståande applaus av dei store avisene i landet. Men me tvilar på om applausen er like sterk blant familiane i landet. Me veit at det blant dei som får kontantstøtte, eittåringane, er 60 pst. som i delar av perioden mottar kontantstøtte. Det er barnas beste og valfridomen til familiane som ligg til grunn for politikken til Kristeleg Folkeparti. For oss er det ikkje nokon som vel feil. Me synest at så lenge familiane får lov til å velje sjølve, er det gode val, uansett om ein vel kontantstøtte eller barnehage.
Når Framstegspartiet og statsråd Listhaug no går i strupa på kontantstøtta og påstår at det er problematisk at kvinner er heime med eittåringane sine – om det er innvandrarkvinner – undergraver jo det fullstendig nettopp den valfridomen som me ønskjer å gi til barnefamiliane. Listhaug refererer til Brochmann-utvalet, men me veit at både Fafo-forskarar og Brochmann I-rapporten anerkjenner at det er andre faktorar som er viktigare. I rapporten kan me lese at vel så viktig som dei økonomiske incentiva for ei avgjerd om at ei mor er heimeverande, er andre faktorar.
Mitt spørsmål til statsråd Horne er om ho meiner at ei fjerning av kontantstøtta automatisk vil føre til at innvandrarkvinner får seg jobb og kjem seg ut i arbeidslivet, eller om det ikkje er andre grunnar som gjer at mange innvandrarkvinner ikkje kjem seg ut i arbeidslivet.