Muntlig spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til statsministeren

Om debatten som no går om skulegudstenester, og kva verdibodskap statsministeren ønskjer å sende i spørsmåla som gjeld tru, livssyn og religion, om me skal gøyme det bort, eller om me skal løfte det fram

Datert: 16.11.2016
Besvart: 16.11.2016 av statsminister Erna Solberg

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): På søndag hadde eg gleda av å halde ei helsingstale til 423 nye statsborgarar i ein flott statsborgarseremoni i Oslo rådhus. Det viser eit Noreg i endring, eit Noreg som er meir fargerikt, meir mangfaldig, meir fleirkulturelt, og eg vil seie flottare enn nokon gong. Spørsmålet som da er naturleg å stille seg, er: Kva tradisjonar tar vi med oss, kva tradisjonar tar me ikkje med oss? Det er ein viktig debatt, og ein meiner det er viktig at me tar vare på nettopp røtene våre. Me skal vite kvar vi kjem frå. Da blir òg unge tryggare på seg sjølve, og dei kan møte det nye og ukjende på ein god måte.

Eit eksempel på dette er debatten me har om skulegudstenester. Sist no er det altså rektorar ved Voss som takkar nei til dette. Eg trur ikkje det er ein spesielt sterk motstand mot skulegudstenester, men ein fryktar å støyte nokon bort.

Så er det eit viktig prinsipp at ingen skal delta i ein religiøs seremoni mot sin vilje, og det skal vere likeverdige alternativ. Men me ønskjer å vere eit livssynsopent samfunn, og da er nettopp spørsmålet når det gjeld tru, livssyn og religion: Skal me gøyme det bort, eller skal me løfte det fram? Me veit at nettopp skulegudstenesta opp mot julehøgtida har vore ein viktig tradisjon og ein del av vår historie. Så eg har eit opent spørsmål til statsministeren: Kva verdibodskap ønskjer ho å sende i nettopp dei spørsmåla og den debatten som no går om skulegudstenester?


Les hele debatten