Muntlig spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til statsministeren

Om korleis statsministeren vurderer trusselvurderinga, og kva for tiltak regjeringa vil setje i verk for å kjempe mot radikal ekstremisme her i Noreg

Datert: 10.02.2016
Besvart: 10.02.2016 av statsminister Erna Solberg

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): I går presenterte PST si nye trusselvurdering. Verdsbiletet har dei seinare åra vore prega av terror og valdeleg ekstremisme. Menneske som ein del av eit større nettverk eller som enkeltpersonar har gjort seg skuldige i forferdelege handlingar mot sivile, der tusenvis av menneskeliv har gått tapt. Heller ikkje Noreg er spart. Mange menneske lever med store sår og tap etter 22. juli-angrepet. Terroren har ingen grenser. Terrortrusselen kjem både frå høgreekstreme og frå radikale islamistiske miljø.

I PST si trusselvurdering i går påpeiker dei at trusselvurderinga har endra seg, frå at det i 2015 var sannsynleg at Noreg ville bli utsett for terrorangrep, til at det i 2016 er mulig. Trusselnivået har blitt redusert. Det er bra, men PST-sjefen påpeikte uttrykkeleg på pressekonferansen at det råder usikkerheit om vurderinga, og at trusselvurderinga kan endre seg raskt. Trusselvurderinga mot Noreg er i størst grad knytt til radikale islamistar, men ho seier òg at høgreekstreme miljø vil få større fokus i året som kjem, bl.a. på grunn av auken i talet på flyktningar som kjem til Noreg. Ein må kjempe imot ekstremisme og terror, uavhengig av kva for ideologi dei spring ut frå. Det er heilt avgjerande for å sikre tryggleiken til våre innbyggjarar. Det må setjast i verk gode tiltak for å førebyggje og ikkje minst andre tiltak som vil kjempe mot denne brutaliteten.

Korleis vil statsministeren kome med tiltak, og korleis vurderer ho trusselvurderinga, og kva for tiltak vil regjeringa setje i verk for å kjempe mot radikal ekstremisme her i Noreg?


Les hele debatten