Spørretimespørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til samferdselsministeren

Om korleis statsråden vil sikre at framdrifta til parsellen Bjørset-Skei på E39 i Sogn og Fjordane vert som føresett i Nasjonal transportplan, og om når prosjektet kan forvente oppstartsløyving

Datert: 12.02.2015
Besvart: 18.02.2015 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): I Nasjonal transportplan er det sett av 350 mill. kroner til parsellen Bjørset-Skei på E39 i Sogn og Fjordane. Planane er klare, og ein hadde håpa på oppstartsløyving i 2015. Anlegget er ei transportåre med over 3 000 ÅDT. Det medfører at arbeidet vil ta lengre tid enn normalt, og at midlane som er avsett i 2014-2017, ikkje blir brukte fullt ut. Vegparsellen kan dermed bli forsinka i høve planane i NTP.
Korleis vil statsråden sikre at framdrifta vert som føresett, og når kan prosjektet forvente oppstartsløyving?


Les hele debatten