Muntlig spørsmål fra Terje Breivik (V) til næringsministeren

Om å bruka ulike incitament for å motverka den _kapitaltørka som gründerar og innovatørar opplever_, og kvifor regjeringa har valt å avvisa ei eige såkornfondordning

Datert: 05.11.2014
Besvart: 05.11.2014 av næringsminister Monica Mæland

Terje Breivik (V)

Spørsmål

Terje Breivik (V): Tradisjonelt har Noreg vore eit av dei landa i den rike delen av verda som har scora høgast når det gjeld innovasjon og gründerskap. Nye tal viser likevel ei urovekkjande utvikling. Me tapar terreng på ulike internasjonale gründer- og innovatørstatistikkar. Med tanke på at Noreg er heilt avhengig av å ha innovasjonsevne i verdsklassa for å sikra verdiskapinga, og at gründerverksemder og innovatørar bidreg tungt i så måte, er trenden ottefull.

Heldigvis er det etter måten enkelt å betra stoda. Noko av det viktigaste me kan gjera politisk, er å bruka ulike incitament for å motverka den kapitaltørka som gründerar og innovatørar opplever i den delen av forretningsutviklingsprosessen ein kallar dødens dal. Investering i ein gründer må verta vel så attraktivt som investering i eigedom.

Regjeringa føreslår i statsbudsjettforslaget 110 mill. kr meir til Innovasjon Norge si etablerarstipendordning. Det er kjempebra, men det løyser ikkje dette problemet.

Ei så enkel og billig løysing som ei eiga såkornfondordning for TTO-ane og inkubatorane vil derimot vera svært treffsikker. Men trass i at dette vart forhandla inn i årets budsjettavtale, som verbalforslag, har regjeringa valt å avvisa dette i budsjettforslaget sitt, med grunngjevinga «uhensiktsmessig».

For både Venstre og alle aktørane som etterspør eit slikt tiltak, vil det vera svært interessant å høyra kva regjeringa og næringsministeren underbyggjer ein slik påstand med.


Les hele debatten