Spørretimespørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Om statsråden vil sikre ein brei gjennomgang av lovverket rundt fosterreduksjon

Datert: 03.04.2014
Besvart: 09.04.2014 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Helsedirektøren har i eit brev til Helse- og omsorgsdepartementet påpeikt at det ikkje fins klare reglar om fosterreduksjon i abortlova eller forskrifta. Helsedirektøren legg likevel til grunn at abortlova gjeld for fosterreduksjon ut frå ei ytring frå Justisdepartementet i 2001. Rådet for legeetikk og Helsedirektoratet peikar samstundes på at selektiv abort reiser fleire vanskelege etiske og medisinske problemstillingar som Stortinget ikkje har teke stilling til.
Vil statsråden sikre ein brei gjennomgang av lovverket rundt fosterreduksjon?


Les hele debatten