Muntlig spørsmål fra Oskar J. Grimstad (FrP) til miljø- og utviklingsministeren

Om miljøvernministeren ikkje har respekt for innhaldet i _rovviltforliket_, med bakgrunn i at departementet overkøyrer rovviltnemndene

Datert: 08.02.2012
Besvart: 08.02.2012 av miljø- og utviklingsminister Erik Solheim

Oskar J. Grimstad (FrP)

Spørsmål

Oskar J. Grimstad (FrP): Mitt spørsmål går til miljøvernministeren.
I fjor sommar blei det etter intense forhandlingar inngått eit rovdyrforlik. I dette forliket, som for mange var vanskeleg, blei det lagt nokre stolpar som fundament for eit forlik som til slutt alle parti slutta seg til. Klare bestandsmål innafor rovviltgruppene og klare forvaltingsdelegasjonar blei utmeisla og låg til grunn for forliket.
I avtalene blei det m.a. streka under at der bestandsmåla var nådde, skulle lokal forvalting overta forvaltingsansvaret. Altså skulle rovviltnemndene i dei åtte regionane overta ansvaret for å setje jaktkvoter på f.eks. gaupe, der bestandsmålet var nådd. Rovviltnemndene tok ansvaret, og lokalkunnskap og faglege råd låg i botnen. Likevel opplever dei følgjande: Miljøverndepartementet vedtek ein betydeleg kvotereduksjon, frå 157 til 118 gauper – altså ein reduksjon på 25 pst., med andre ord kvar fjerde gaupe – dette trass i at gaupebestanden i 2009 var på 92 familiegrupper, og målet i forliket var 65.
I region 6, Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag, gjekk Rovviltnemnda inn for ei jakt på 60 dyr. Miljøverndepartementet har endra dette, og redusert det til 44 dyr – altså meir enn 25 pst. reduksjon. Nemnda vedtok også ei tilleggskvote på ti dyr, derav fire vaksne hodyr, basert på lokal erfaring. Departementet omgjorde også dette og gav inga tilleggskvote.
Miljøverndepartementet overkøyrer altså den rovviltnemnda som i særklasse har levert mest gaupe til norsk natur gjennom tidene. Større mistillit er det vanskeleg å finne eksempel på i norsk rovdyrforvalting.
Også frå region 2 er det sendt knusande uttale mot Miljøverndepartementets overprøving. Demokratiet undergravast, sa sametingsråd Ellinor Marita Jåma under feiringa av samanes nasjonaldag. Og spørsmålet er: Har ikkje miljøvernministeren respekt for og aksept for innhaldet i rovviltforliket og skjørheita i det forliket?


Les hele debatten