Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om regjeringa no vil stille seg bak Høgre sitt ønskje om fleire _norsktimar på introduksjonsorninga for innvandrarar_, med bakgrunn i at Arbeiderpartiet sitt integreringsutval støttar Høgre sitt syn
Datert: 10.02.2011 Besvart: 16.02.2011 av barne-, likestillings- og inkluderingsminister Tora Aasland
Bjørn Lødemel (H): Tidligere kommunalminister Erna Solberg innførte i 2004 introduksjonsprogrammet for innvandrarar. Programmet har vore ein suksess, og norskopplæringa har vore avgjerande for det. Programmet har i dag 300 timar med såkalla plikt-og-rett-timar. Høgre har ved fleire høve føreslege å utvide talet med timar, men har ikkje fått støtte for det frå regjeringa. Arbeiderpartiet sitt integreringsutval støttar no Høgre sitt syn. Vil regjeringa no stille seg bak Høgre sitt ønskje om fleire norsktimar for deltakarane på introduksjonsorninga?