Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om å medverka til at fleire kommunar får del i _erfaringane frå Pårørendesenteret i Stavanger_, gjennom utarbeiding av ein modell som kan møta pårørande utover det behandlingsinstitusjonane har høve til
Datert: 13.01.2005 Besvart: 19.01.2005 av helse- og omsorgsminister Ansgar Gabrielsen
Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Pårørendesenteret i Stavanger vert etter eit fireårig prøveprosjekt vidareført som ei stifting med både offentlege og private eigarar. Senteret har erfaringar og kompetanse som bør passa godt inn i Regjeringa si varsla tenking. Senteret bør difor stimulerast til å systematisera erfaringane sine gjennom utarbeiding av ein modell som kan møta pårørande innan rus, psykiatri og speleavhengigheit utover det behandlingsinstitusjonane har høve til. Vil statsråden medverka til at fleire kommunar får del i desse erfaringane?