Spørretimespørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til samferdselsministeren

Om å sikra betre regularitet på _ferjesambandet Tau-Stavanger_

Datert: 13.05.2004
Besvart: 19.05.2004 av samferdselsminister Torild Skogsholm

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Det er eit sterkt behov for auka frekvens på ferjesambandet Tau-Stavanger. Dette sambandet er rangert som nr. 3 i landet når det gjeld transport av pendlarar og som nr. 15 når det gjeld personbileiningar. Verksemder både i Ryfylke og på Nord-Jæren har store meirkostnader som følgje av unødig mykje ventetid.
Kjem statsråden til å ta initiativ for å sikra betre regularitet enn i dag i Tau-sambandet?


Les hele debatten