Spørsmål
Bjørn Jacobsen (SV): Stoppen i kystflåten sitt fiske etter sild har vekt sterke reaksjonar, særleg fordi det i det førebels reguleringsopplegget ikkje var varsla periodisering.
Kva vil statsråden gjere for å sørge for at framtidige reguleringar balanserer industrien sitt behov for råstoff og fangstleddet sitt behov for å kunne planlegge fisket over året, i nord og i sør?