Spørretimespørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til kommunal- og regionalministeren

Om kva kriterium som ligg til grunn for innvilging/avslag på _mellombels arbeidsløyve for asylsøkjarar som ventar på avgjerd eller utsending_

Datert: 06.11.2003
Besvart: 19.11.2003 av kommunal- og regionalminister Erna Solberg

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A)

Spørsmål

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Mange asylsøkjarar oppheld seg i Noreg i mange år utan endeleg å få avgjort sin søknad om asyl eller opphald på humanitært grunnlag. Andre får avslag, men har ikkje noko land å reisa heim til. Det kan ta lang tid mellom negativt vedtak og utsending. Nokon får mellombels arbeidsløyve medan dei ventar på avgjerd eller utsending, andre ikkje.
Kva kriterium ligg til grunn for innvilging/avslag på mellombels arbeidsløyve for personar i slike situasjonar?


Les hele debatten