Spørsmål
Ranveig Frøiland (A): "I løpet av et par uker har energiverk i Danmark tatt i bruk tre gamle nedlagte kullfyrte kraftverk for å forsyne norske strømkunder," skriv Bergens Tidende. Nærings- og erversministeren vil ikkje gripe inn, fordi det er gode pengar å tene. Klimautslepp kjenner ingen grenser, men med desse anlegga vil Noreg medverke til vesentleg auke av klimautsleppa.
Kva tykkjer statsråden om dette, og kva strategi har statsråden for å dekka Noreg sitt behov for straum frå meir miljøvennlege energiverk?