Spørsmål
Sigrun Eng (A): 11. januar 2000 hadde NRK eit fjernsynsprogram om ulovleg fjørfeimport. Produsentane sin eigen samvirkeorganisasjon Prior Norge vart uthengt som ein av syndebukkane. Dette må gjera norske produsentar sinte, når vi veit at landbruket sjøl betaler inn avgift av levert slakt til eit reguleringsfond.
Eg veit at politiet er inne i bildet, men eg ynskjer statsrådens svar på korleis vi som forbrukarar, og produsentane kan få ny tillit til norsk fjørfeproduksjon?