Spørsmål
Jørgen Holte (Sp): Skattedirektoratet sine vurderingar og forslag til framtidig organisering av likningsforvaltninga er teken opp i ein rapport som er til intern høyring i skatteetaten.
Er Telemark fylkesskattekontor sitt vedtak om å lokalisere tre likningskontor i Midt-Telemark i Bø kommune i tråd med dei lover og reglar som gjeld, og er det aktuelt å gjennomføre tilsvarande omorganisering ved andre likningskontor, før den nemnde rapporten har vore behandla politisk?