Spørsmål
Jørgen Holte (Sp): "I Nationen 18. april 1996 har departementsråd Per Harald Grue skapt tvil om kva for grunnlagsmateriale Regjeringa vil nytte ved jordbruks- forhandlingane. Stortinget har ved fleire høve og seinast i fjor slutta seg til departementet sitt forslag om å leggje til grunn normaliserte rekneskap i totalkalkylen ved vurdering av inntektsutviklinga for jordbruket.
Vil statsråden bekrefte at dette blir lagt til grunn også ved forhandlingane i 1996?"